Etter ein sånn operasjon blir ein fortare full, meir full og rusen varer lenger.
For ti år sidan trong Hanne Goksøyr hjelp til å få ein ny start. Ho sleit med fedme, og fekk tilbod om operasjon. Men sjukepleiarstudenten blei også invitert til å vere med på eit uvanleg forskingsprosjekt.
I prosjektet blei Hanne og 32 andre fedmeopererte skjenkte av forskarar ved St. Olavs hospital i Trondheim. Drinkane bestod av appelsinjuice og vodka.
– Det går rett i hovudet på ein, det er i alle fall sånn det opplevast, fortel ho.
Resultata kan påverke kva råd og kva behandling nordmenn bør få.
Må passe segTil saman fire gonger var Hanne i «baren» til forskarane. Ein gong før operasjonen, og tre gonger etter.
For henne var det ein tryggleik å få testa koss ho reagerte på alkohol etter operasjonen i trygge omgivnadene på sjukehuset.
– Ein blir mykje fortare full. Eg trur det kan samanliknast med å vere heilt, heilt utkøyrt og så gå på fest. Det går sjeldan bra, fortel ho.
Operasjonen gjer at ho må passe på kor fort ho drikk.
– Eg måtte lære meg å drikke på nytt.
Hanne Goksøyr drikk lite og sjeldan. Ikkje på grunn av risikoen for alkoholproblem, men fordi ho er opptatt av å leve eit sunt liv.
Foto: Sverre Lilleeng / NRKMagnus Strømmen ved St. Olavs hospital i Trondheim har laga opplegget som Hanne gjekk gjennom.
Ein har lenge visst at fedmeoperasjonar påverkar kva kroppen toler av alkohol.
For eksempel har forskaren fleire gonger blitt kontakta av politi, advokatar og pårørande i samband med at pasientar har blitt tekne for promillekøyring.
– Men fedmekirurgi er ikkje eit formildande omstende. Dei er framleis heilt ansvarlege for kva dei har i blodet.
Magnus Strømmen jobbar ved Senter for fedmeforsking på St. Olavs hospital.
Foto: Sverre Lilleeng / NRKMen resultata frå to studiar som han og kollegaene har fått publisert i International Journal of Obesity, gir viktig ny kunnskap.
Alkoholen har nemleg dobbelt så stor effekt etter operasjonen, og ein når promilletoppen på halvparten av tida samanlikna med før.
Det tar også lengre tid å bli edru.
Og desse endringane er noko pasientane må forhalde seg til livet ut, uavhengig av vekta.
– Med operasjon får du ein plutseleg ny risikofaktor.
Ulike operasjonarDei to vanlegaste fedmeoperasjonane er gastrisk bypass og sleeve gastrektomi.
Forskarane såg at alkoholeffekten var størst ved gastrisk bypass. Desse pasientane har, ifølge den andre nye studien, 69 prosent høgare risiko for å få ein alkoholrelatert diagnose enn dei som har tatt sleeve gastrektomi.
10 år etter operasjonen har rundt 8 prosent av gastrisk bypass-pasientane fått ein alkoholrelatert diagnose. Dei reelle mørketala er truleg mykje større, ifølge forskarane.
– Ved å gjere ei grundigare vurdering av risikoen til pasientane for alkoholproblem, så kan vi styre dei som har høgare risiko mot den operasjonen som er «snillast», fortel Strømmen.
Operasjon er ein ekstra risikofaktor for å få alkoholproblem. I tillegg har ein alder, genetikk og ting som skjer i livet.
Foto: Sverre Lilleeng / NRKUndervegs i studien har nokre av dei som var med fått alkoholproblem. Det sjølv om dei visste kvifor dei var med i studien og blei grundig informerte om risikoen knytte til operasjon og alkohol.
– Dei treng jo i utgangspunktet denne fedmekirurgien. Men ein del er dessverre uheldige likevel.
Medisin kan kanskje dempe alkoholsugetHan seier at det kan hende dei med høgast risiko ikkje bør opererast i det heile.
– For sjølv med den kunnskapen dei får, går ein del på trynet. Da er det interessant at vi har fått ein medisin som verkar å ha ein reduserande effekt på alkoholinntaket.
For i motsetning til fedmeoperasjonar, ser det ut til at fedmemedisinar med hormonet GLP-1 gjer at ein får mindre lyst til å drikke. Funn frå ulike studiar tyder på nettopp det.
Viktige rådFor fedmeopererte som vil drikke for eksempel vin, kan det vere smart å tenke togongen, ifølge forskaren.
Éi alkoholeining etter operasjonen gir minst dobbel verknad på kroppen. Dette gjeld både kjensla av rus og belastninga på dei indre organa til kroppen.
Det som på overflata står fram som eit normalt og moderat alkoholforbruk, kan i praksis vere helseskadeleg for ein som er operert.
Magnus Strømmen håpar kunnskapen om risikoen for alkoholproblem blir tatt på alvor, spesielt av fastlegane som følger pasientane lenge etter at dei blir opererte.
Foto: Sverre Lilleeng / NRKOg fordi rusen kjem raskt, kan ein utvikle ein «opplevd toleranse» der ein trur ein er meir edru enn ein faktisk er.
For legar betyr funna at personar som har ein kjent risiko for rusproblem, bør unngå gastrisk bypass – eller bli heilt fråhalds dersom dei skal opererast. Men også sleeve
gastrektomi kjem med ein stor risiko.
I tillegg meiner Strømmen at fastlegar og fedmeklinikkar bør følge meir med på alkoholvanar i åra etter operasjon.
Publisert 18.06.2026, kl. 21.08
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Værvarsel for Møre og Romsdal | 0 | 5 | 11-07-2026 |
| 2 | Cykelvasan blir kortare – så påverkas banan | 2 | 6 | 01-06-2026 |
| 3 | 7 av 10 vil ha kortare arbeidsveke: – Vi er betre utkvilt | 0 | 28.18 | 11-05-2026 |
| 4 | Dette skiller rollene til verneombud og tillitsvalgt | 0 | 9.11 | 15-07-2026 |
| 5 | Sykefraværet var nesten 40 prosent. Slik snudde barnehagen det | 0 | 12.56 | 12-07-2026 |
| 6 | Regnvarsel satte fart på hvidkløverhøsten: Kom i hus efter to et halvt døgn | 0 | 5 | 17-07-2026 |
| 7 | Advarer: – Det er konfliktsak nummer én | -5 | 3 | 06-07-2026 |
| 8 | Årets høst af vinterbyg er over middel | 0 | 6.4 | 25-07-2026 |
| 9 | БОЛЬШОЙ ВЗРЫВ В КОСМОСЕ | 0 | 3.91 | 06-08-2026 |
| 10 | Плавная смена времени суток | 0 | 3.91 | 06-08-2026 |