Tilsette ved Sjukehuset Innlandet meiner administrerande direktør Alice Beate Andersgaard må gå av.
Den harde kritikken mot Andersgaard kjem etter at direktør ved Kirurgisk klinikk, Trine Fleischer Eng, måtte gå frå stillinga si i sommar. Etter berre 6 månader i jobben.
Det har skapt stor uro og delvis raseri både ved Kirurgisk klinikk og andre avdelingar i sjukehuset.
Trine Fleischer Eng måtte slutte som leiar for Kirurgisk klinikk i Sjukehuset Innlandet. Ho fekk behalde løna på 2,5 millionar kroner. Og skal få ei ny stilling, men det er uklart kva.
Foto: NRKGrunngjevinga frå administrerande direktør Alice Beate Andersgaard, var at Fleischer Eng ikkje hadde fått orden på økonomien.
I den korte meldinga frå sjukehuset den gong, stod det at Eng og Andersgaard hadde komme fram til at ho skulle over i ei anna stilling.
Ingen av partane har kommentert kva dei to vart samde om før i dag.
På styremøtet i Sjukehuset Innlandet, sa Andersgaard at det var ho som tok initiativ til at Eng måtte slutte. Og at Eng ikkje ønskja det sjølv.
– Men da ho forstod at eg ikkje lengre hadde tilit til henne, valde ho å slutte.
Trine Fleischer Eng stadfestar det direktøren seier til NRK.
– Det var ikkje mitt ønskje å gå frå stillinga
Overlege ved Hamar sjukehus og tilsetterepresentant i styret i sjukehuset, Per Christensen, seier at Andersgaard bør gå av etter det som har skjedd.
Lege og styremedlem i Sjukehuset Innlandet, Per Christensen, meiner administrerande direktør Alice Beate Andersgård må gå av sjølv, framfor å fjerne andre leiarar.
Foto: Reidar Gregersen / NRK – Andersgaard bør sjå seg sjølv i spegelen og tenkje på om ho er den rette personen til å føre arbeidet i sjukehuset vidare, seier Christensen
Fleischer Eng hadde nettopp starta på arbeidet med å snu økonomien ved Kirurgisk klinikk. Der har det vore overforbruk i mange år.
Men ho rakk altså å stå i jobben i berre seks månader før ho måtte gå av.
Ho var i gang med forbetringsarbeid og omorganiseringar, men fekk ikkje fullført arbeidet.
Christensen har i mange år vore tilsetterepresentant for legane i styret i helseføretaket.
På styremøtet i dag stilte han spørsmål ved kva Eng hadde gjort som ikkje var godt nok, og kvifor ho måtte gå,
Han framstilte det som om forbetringsarbeidet ved Kirurgisk klinikk har stoppa heilt opp etter at Eng måtte gå i sommar.
Tone Kristine Amundgaard er tilsetterepresentant i styret i Sjukehuset Innlandet.
Foto: Dag Andreas Kessel / NRK Han fekk støtte av Tone Kristine Amundgaard, også representant for dei tilsette.
Ho sa at oppseiinga har skapt stor uro i heile organisasjonen. Og at det var ein stor feil å tvinge henne til å gå av.
Kritikken har også komme til styreleiar Eli Giske før styremøtet i dag. Ho las opp eit brev underskrive fire leiarar ved Kirurgisk klinikk.
I brevet beklaga dei at Eng måtte gå og uttrykte bekymring for uroa som er skapt.
Dei skreiv også at forbetringsarbeidet ved klinikken er sett tilbake etter det som har hendt.
Alice Beate Andersgaard sjølv vil ikkje svare på spørsmålet om ho framleis har tillit.
Ho seier at ho har tru på at leiargruppa saman skal greie å drive sjukehuset vidare.
Men korkje styreleiaren eller andre styrerepresentantar uttrykte mistillit til Administrerande direktør Alice Beate Andersgaard.
–Eg har full tillit til administrerande direktør og det arbeidet ho gjer, seier Eli Giske til NRK.
Krevjande omorganiseringSjukehuset Innlandet har drive med overforbruk i mange år. I år har Helse Sør-Øst kravd eit overskot på 136 millionar.
Medan det ser ut til at dei også i år hamnar med eit underskot, rundt 70 millionar.
Slik skal det nye spesialistsjukehuset i Moelv sjå ut. Mjøssjukehuset blir plassert der i Ringsaker av politiske årsaker. Dette er omtrent «midt i mellom» Mjøsbyane.
Foto: Illustrasjon: Ratio/Arkitema. / Illustrasjon: Ratio/Arkitema.Heile sjukehuset står oppe i ei stor omorganisering og effektiviseringsarbeid. Der avdelingar blir slått saman og må samarbeide på tvers av geografi.
Det er for å få ned utgiftene og for å stå godt rusta når det nye spesialistsjukehuset i Moelv står klart i 2033.
Målet er MjøssjukehusetEtter planen skal bygginga av det nye, store Mjøssjukehuset i Moelv starte i 2028. Men da krev Helse Sør-Øst orden på økonomien først.
Alice Beate Andersgård vart direktør for Sjukehuset Innlandet i 2017. Ho har jobba for å få på plass Mjøssjukehuset. Her viser ho helseministeren teikningane, medan dei besøker tomta i Moelv.
Grafikk: NRkProsjektet er inne i årets statsbudsjett med ei låneramme på 18 milliardar og forprosjektet er i gang.
Byggestart er planlagt i 2028 og Mjøssjukehuset skal stå ferdig i 2033
Publisert 17.09.2026, kl. 17.28
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Administrasjonssjefstilling lyses ut | 0 | 9.05 | 02-07-2026 |
| 2 | Europeisk toppverv til Medietilsynets direktør | 0 | 5 | 13-01-2026 |
| 3 | Новым главврачом Архангельской областной клинической больницы стала Екатерина Ольферт | 0 | 4.84 | 03-08-2026 |
| 4 | Fylkeskommunen gir etter for press - her blir det nattestenging | 0 | 10 | 18-08-2026 |
| 5 | Care of Sweden utser ny vd | 0 | 10 | 19-08-2026 |
| 6 | Direktør stopper i Landbrug & Fødevarer | 0 | 5 | 01-07-2026 |
| 7 | Глава Приамурья предложил сменить главврача в больнице, где делали перевязку скотчем | 0 | 0 | 18-12-2018 |
| 8 | Mari Sundli Tveit attvald som president i Science Europe | 0 | 5 | 19-11-2025 |
| 9 | INSÄNDARE: Det generiska ledarskapets baksidor | 0 | 5 | 30-06-2026 |