Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Noregs einaste solskifer-fabrikk må permittere: – Eit paradoks

Дата публикации: 23-09-2026 05:55:20

Landets einaste produsent av solcelletakstein må permittere tilsette. Årsaka er at for få huseigarar tar seg råd til å investere i solceller.

Основное содержимое страницы с новостью.

På Jømna utanfor Elverum produserer gründerbedrifta Solskifer AS den einaste solcelletaksteinen i landet.

Medan Noreg og verda skrik etter meir solkraft, skrik verksemda etter høgare etterspørsel.

For andre gong på kort tid må selskapet igjen permittere tilsette.

Styresmaktene vil at Noreg skal ha mykje meir solenergi. Men Noregs einaste produsent av solskifer har for få ordrar og må permittere tilsette.

– Situasjonen er avventande. Vi må opp i høgare volum, seier dagleg leiar, Bengt Arne Storsveen.

– Vi har mykje større kapasitet i anlegget her enn det vi nyttar i dag, og ønsker eit høgare volum og ein større ordrereserve.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK
Etterlyser meir støtte

I 2023 sette Noreg eit mål om at 8 terawattimar (TWh) av straumforbruket i landet skulle kome frå solkraft innan 2030.

I ein rapport frå Enova frå tidlegare i år, kom det fram at Noreg så langt har bygd ut 0,7 TWh solkraft. I same rapport anslår prognosen ein samla produksjon på litt under 2 TWh i 2030, noko som er langt under Noregs målsetting.

Storsveen meiner manglande insentiv til forbrukarane gjer det vanskeleg for selskapet å få opp salet til privatpersonar.

– Dei har eit mål om 8 TWh innan 2030, men det er vi veldig langt unna å nå. Skal vi nå målet, må insentivordningane bli betre. Solinstallasjonar i Noreg no er forholdsvis dyrt, seier han.

– Eit paradoks

Leiar av energi- og miljøkomiteen på Stortinget, Mani Hussaini (Ap), er ikkje i tvil om at det trengst meir solproduksjon i Noreg.

Medan enkelte har lagt skulda på noregspris for fallande etterspørsel på solceller, meiner Hussaini noregspris aleine ikkje er skyld i fallet.

– Eg trur, og det kjenner eg på sjølv òg, at på grunn av dyrtid og høg rente er det veldig mange som vel bort denne typen prosjekt, seier Hussaini.

Mani Hussaini (Ap), leiar av energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Han vil likevel ikkje utelukke at politikarane må ta grep for å dytte marknaden i rett retning.

– Vi må sjå på støtteordningane vi har i dag, og sjå om dei fungerer godt nok. Vi må sjå på støtta til Enova og Husbanken, og vurdere om vi kan gjere enda meir for å lykkast.

For verksemda i Elverum er håpet at betre støtteordningar raskt skal gjere det meir lønsamt å investere i solceller igjen.

– Det er eit paradoks. Vi ønsker solenergi, men det blir ikkje lagt til rette for at det skal rullast ut verken til privatmarknaden eller verksemder, meiner dagleg leiar Bengt Arne Storsveen.

Publisert 23.09.2026, kl. 07.55

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Norges eneste solskiferfabrikk må permittere – se mer i TV-sendinga kl. 19.45028.1823-09-2026
2Statkraft og NHO slår alarm om kraftutbygging07.6623-07-2026
3Xorrola berria aurreikusten da, udalbatzarrean prozesua hastea onartuta01002-07-2026
4Spår prishopp i haust: – Mykje å spare på å teikne noregspris no07.2610-08-2026
5Fire nye forskningssentre skal styrke Norges arbeid for bærekraftig areal- og naturbruk5720-03-2026
6[Ekstra] Skroter ammoniakkfabrikk: Kan bane vei for datasenter012.1117-08-2026
7[Ekstra] Vindkraft: Kan bli vanskelig å si «nei» tidlig04.4417-08-2026
8В Красноярске запустили производство пластин для космических солнечных батарей0003-10-2025
9Børsfall for Nordic Mining – miljørørsla ber Støre gripa inn i Førdefjorden0506-07-2026

Классификация: Экономика. Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 9. Тональность: 0. Информативность: 11.13. Источник: www.nrk.no.