Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Rekkehusbrannen i Øygarden: Mann varetektsfengsla i ei veke

Дата публикации: 25-09-2026 14:19:38

Mannen i 30-åra som er sikta etter brannen i eit rekkehus i Øygarden, blir varetektsfengsla i ei veke.
Det er utfallet etter dagens fengslingsmøte.
– Dette i samanheng med at politiet jobbar intensivt i initialfasen av etterforskinga, og me jobbar med å få oversikt over potensielle vitne, seier politiadvokat Marcus Monsen til NRK.
– Inntil det er avklart så takast det stilling til om han skal varetektsfengslast i lengre tid på eit seinare tidspunkt
Mannen blir fengsla fordi politiet fryktar han vil gjere nye kriminelle handlingar.
Sikta erkjenner ikkje straffskuld, og har forklart at han ikkje har noko tilknyting til brannen.
Han er sikta for å framkalle fare for allmennheita – den sokalla mordbrannparagrafen. Strafferamma er fengsel på mellom to og 15 år.
Monsen seier sikta er knytt til åstaden då han oppsøkte bustaden natta i framkant:
– Då blei politiet tilkalla av fornærma, og politiet rykka ut og trefte på sikta i nærleiken av bustaden, og bortviste han frå staden og køyrde han heim.
– Då det den etterfølgande natta brann i den same bustaden, blei den same mannen funne i nærleiken av åstaden, og sikta bur ikkje i nærleiken av staden. Det blei også funne gjenstandar på han som gjorde at mistanken mot han blei styrka.
Same kveld som brannen var det også brann i ein annan bustad ikkje langt ifrå rekkehuset, og undersøkingane politiet har gjort gjer at dei per no ikkje ser ein samanheng mellom dei to brannane.

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Pågrepet etter vold mot ansatt på bensinstasjon05.2125-09-2026
2Ble truffet av elektrosjokkvåpen under fergeflukt – nå er han dømt0709-07-2026
3Stjålet våpenskap på avveie05.0424-07-2026
4Innbrudd i Os05.425-09-2026
5Dødsfallet i Kalvåg: Obduksjonsrapporten klar05.325-09-2026
6Mann siktet for drap på Kløfta0530-06-2026
7Ein person til sjukehus etter arbeidsulukke05.2925-09-2026
8Gravejournalistikk om mulig justismord får rettssikkerhetspris07.608-09-2026
9Trafikkulykke på Voss – sjåfør til legevakt06.825-09-2026
10Rykka ut etter melding om brann i Bergen08.4525-09-2026

Классификация: Происшествия. Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 5.25. Источник: www.nrk.no.